Eg kjem frå vestlandet og bur på Sotra, ei øy utafor Bergen. Her snakkar dei fleste bergensdialekten, der alle har ein tydeleg skarre- r og ingen tjukk L. Alle uttaler ”jeg” som ”eg” og ”ikkje” som ”ikkje”. Dersom du drar til andre områder lengre ute på øya som f. eks mot øygarden, vil du merke at dialekten der skil seg meir frå bergensdialketen. Det er ikkje store forskjellar, men nokre ord blir uttalt litt annleis. Nokon bruker ord som ”gjera” og ”ei jenta” medan eg seier ”gjøre” og ”en jente”. Eg går på skulen med nokon frå Øygarden og merker forskjellane på dialektane våre.
Foreldra mine er født og oppvekst Iran, som gjør at dei har ein slags ”utanlandsk norsk dialekt”. Eg som har budd i Noreg i heile mitt liv, vil nok sei at eg har eit anna talemål enn foreldra mine. Eg føler ikkje at eg forandrar talemål når eg snakkar med andre som har annleis talemål. Eg snakkar med den same dialekten uansett kven eg snakkar med, med mindre eg gjer det på gøy.
Kjelde:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar