I dag skjer det utvekslingar av innhald mellom ulike medium i medieverda heile tida. Det kan være at innhaldet i ein bok blir overført til film eller TV, eller ein teikneserie blir til film. Dette kallast adaptasjon. Og det mest vanlege har vore å bruke ein roman som utgangspunkt for filmmanus. Dei fleste filmane eg har sett i det siste har vore basert på ein kjent roman. Grunnen til at det har vore så vanlig å bruke noveller, romanar og andre litterære tekster som grunnlag for film er at historiene allereie er verdskjent og populær. Dette sikrar at filmen vil bli like kjent som boka eller enda meir suksessfull. Eksempel på kjente bøker som har blitt adaptert til film er ”The lord of therings” av J.R.R. Tolkien, ”Twilight” av Stephanie Meyer og ”Slumdog millionaire” av Vikas Swarup.
Eg har sett ein del filmar som er basert på romanar, og eg har dessverre kunn lest to av dei. Ein film følgjer ikkje alltid heile innhaldet i bøkene og som oftast blir historiene endra. Dette gjør at man sit igjen med ein anna følelse enn når man las boka. Eg personlig synast at romanar er mykje betre enn film. Bøker fortel deg meir enn filmen, og kan forklare kvar einaste detalj.
Filmen tatt av kvinna er bygd på ein roman av Erlend Loe. Dette er ein norsk komedie frå 2007 som vi såg på skulen. Filmen handlar om forholdet mellom mann og kvinne, samtidig som hovudpersonen prøver å finne seg sjølv og finne ut av kva han vil i livet. I denne filmen brukast mykje voice-over, der forteljinga er laga slik at tankane til hovudpersonen blir fortalt med hans eigen forteljar stemme.
Eg synast filmen var ganske god og er verdt å sjå.
Bilete kjelde:
- http://www.google.co.uk/imgres?q=tatt+av+kvinnen&um=1&hl=en&sa=N&rlz=
- http://www.google.co.uk/imgres?
- http://www.google.co.uk/imgres?q=tatt+av+kvinnen&um=1&hl=en&sa=N&rlz=1
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar