Kunnskapsdepartementet la tysdag 24.1. fram til høring eit forslag om å endre norskfaget. Forslaget som er utarbeida innebar blant anna at det berre skal være ein skrift karakter i norsk. Som tyder på at det blir slutt på eigen karakter i sidemål, og at den skriftlege karakteren skal omfatta ferdigheiter både i nynorsk og bokmål. Og det er mange som meiner at nynorsk språket på skulen vil sakte døy ut sidan fleirtalet klart held seg til bokmål.
Det er mange som hevder at forslaget vil svekke opplæringa i sidemål, og eg personleg trur at forslaget sakte men sikkert vil viske vekk nynorsk forma. Det vil bli ein stor forskjell på begge målformana der bokmål vil dominera. Men eg trur også at nokon ser på positiv på dette. Elever vil nok utnytta denne moglegheita til å gjere mindre arbeid, og lærarar vil få mindre arbeid i form av retting av prøver og oppgåver. Personleg syntes eg ikkje noko om dette forslaget. Troa på at dette skal fungere i praksis er liten, og tanken på å blande nynorsk og bokmål er urealistisk og usannsynlig. Viss dette nokon gong skulle skje, vil nok nynorsk forsvinna.

Frå 1.klasse til 7.klasse hadde eg nynorsk som hovudmål på skulen. Eg hadde ikkje noko val sidan det var foreldra mine som valte det for meg. Eg trur dei valte det på grunn av at dei ville eg skulle ha ein god og tidlig start i målforma. Men når eg begynte i 8.klasse kunne eg sjølv bestemme målform, og utan å nøla valte eg bokmål og sidan då har eg haldt meg til målforma. Det var fleire grunnar til at eg valte bokmål som hovudmål, blant anna fordi eg følte det var meir naturlig og automatisk å skrive på bokmål enn nynorsk. Eg tenkjer meir på rettskrivinga når eg skriv på nynorsk, og nokon gonger blir det for mykje overdriving av ord.
Eg må innrømme at eg syns det er vanskelig å skrive på nynorsk. Og at eg mest sannsynlig beherskar bokmål betre enn nynorsk. De er nok på grunn av at eg ikkje prioriterar sidemåls forma like mykje som hovudmål. Eg har som mål til sommaren å bli betre i sidemål, og kunne beherska både sidemål og hovudmål på lik linja.
Kjelde:
- http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/aktuelt/nyheter/2012/norskfaget-skal-endres.html?id=670439
- http://www.udir.no/Upload/larerplaner/forsok/norskbrev.pdf?epslanguage=no
Bilete:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar