onsdag 29. februar 2012

Fordjupingsemne

Vi skal no jobba med fordjupingsemne i norsk på skulen. Og eg har valt å fordjupa meg i  samanlikning av bok og film. Eg har valt å samanlikna boka ”Slumdog millionaire” med filmen som kom ut i 2008. 
Film interesserer meg, og eg vil nok sei at å sjå på film er ein stor hobby for meg. Så det var bare naturlig å velje ein slik oppgåve der eg får jobba med å studera ein film og korleis den er bygd opp i forhold til romanen.  

Talemål

Eg kjem frå vestlandet og bur på Sotra, ei øy utafor Bergen. Her snakkar dei fleste bergensdialekten, der alle har ein tydeleg skarre- r og ingen tjukk L. Alle uttaler ”jeg” som ”eg” og ”ikkje” som ”ikkje”. Dersom du drar til andre områder lengre ute på øya som f. eks mot øygarden, vil du merke at dialekten der skil seg meir frå bergensdialketen. Det er ikkje store forskjellar, men nokre ord blir uttalt litt annleis. Nokon bruker ord som ”gjera” og ”ei jenta” medan eg seier ”gjøre” og ”en jente”. Eg går på skulen med nokon frå Øygarden og merker forskjellane på dialektane våre.

Foreldra mine er født og oppvekst Iran, som gjør at dei har ein slags ”utanlandsk norsk dialekt”. Eg som har budd i Noreg i heile mitt liv, vil nok sei at eg har eit anna talemål enn foreldra mine. Eg føler ikkje at eg forandrar talemål når eg snakkar med andre som har annleis talemål. Eg snakkar med den same dialekten uansett kven eg snakkar med, med mindre eg gjer det på gøy.  

Kjelde: 

Adaptasjon

I dag skjer det utvekslingar av innhald mellom ulike medium i medieverda heile tida. Det kan være at innhaldet i ein bok blir overført til film eller TV, eller ein teikneserie blir til film. Dette kallast adaptasjon. Og det mest vanlege har vore å bruke ein roman som utgangspunkt for filmmanus. Dei fleste filmane eg har sett i det siste har vore basert på ein kjent roman. Grunnen til at det har vore så vanlig å bruke noveller, romanar og andre litterære tekster som grunnlag for film er at historiene allereie er verdskjent og populær. Dette sikrar at filmen vil bli like kjent som boka eller enda meir suksessfull. Eksempel på kjente bøker som har blitt adaptert til film er ”The lord of therings” av J.R.R. Tolkien, ”Twilight” av Stephanie Meyer og ”Slumdog millionaire” av Vikas Swarup.

Eg har sett ein del filmar som er basert på romanar, og eg har dessverre kunn lest to av dei. Ein film følgjer ikkje alltid heile innhaldet i bøkene og som oftast blir historiene endra. Dette gjør at man sit igjen med ein anna følelse enn når man las boka. Eg personlig synast at romanar er mykje betre enn film. Bøker fortel deg meir enn filmen, og kan forklare kvar einaste detalj.

 
Filmen tatt av kvinna er bygd på ein roman av Erlend Loe. Dette er ein norsk komedie frå 2007 som vi såg på skulen. Filmen handlar om forholdet mellom mann og kvinne, samtidig som hovudpersonen prøver å finne seg sjølv og finne ut av kva han vil i livet. I denne filmen brukast mykje voice-over, der forteljinga er laga slik at tankane til hovudpersonen blir fortalt med hans eigen forteljar stemme.
Eg synast  filmen var ganske god og er verdt å sjå.




    

Bilete kjelde: 


søndag 26. februar 2012

Sidemål

Kunnskapsdepartementet la tysdag 24.1. fram til høring eit forslag om å endre  norskfaget. Forslaget som er utarbeida innebar blant anna at det berre skal være ein skrift karakter i norsk. Som tyder på at det blir slutt på eigen karakter i sidemål, og at den skriftlege karakteren skal omfatta ferdigheiter både i nynorsk og bokmål. Og det er mange som meiner at nynorsk språket på skulen vil sakte døy ut sidan fleirtalet klart held seg til bokmål.

Det er mange som hevder at forslaget vil svekke opplæringa i sidemål, og eg personleg trur at forslaget sakte men sikkert vil viske vekk nynorsk forma. Det vil bli ein stor forskjell på begge målformana der bokmål vil dominera. Men eg trur også at nokon ser på positiv på dette. Elever vil nok utnytta denne moglegheita til å gjere mindre arbeid, og lærarar vil få mindre arbeid i form av retting av prøver og oppgåver. Personleg syntes eg ikkje noko om dette forslaget. Troa på at dette skal fungere i praksis er liten, og tanken på å blande nynorsk og bokmål er urealistisk og usannsynlig. Viss dette nokon gong skulle skje, vil nok nynorsk forsvinna.

 

Frå 1.klasse til 7.klasse hadde eg nynorsk som hovudmål på skulen. Eg hadde ikkje noko val sidan det var foreldra mine som valte det for meg. Eg trur dei valte det på grunn av at dei ville eg skulle ha ein god og tidlig start i målforma. Men når eg begynte i 8.klasse kunne eg sjølv bestemme målform, og utan å nøla valte eg bokmål og sidan då har eg haldt meg til målforma. Det var fleire grunnar til at eg valte bokmål som hovudmål, blant anna fordi eg følte det var meir naturlig og automatisk å skrive på bokmål enn nynorsk. Eg tenkjer meir på rettskrivinga når eg skriv på nynorsk, og nokon gonger blir det for mykje overdriving av ord.
Eg må innrømme at eg syns det er vanskelig å skrive på nynorsk. Og at eg mest sannsynlig beherskar bokmål betre enn nynorsk. De er nok på grunn av at eg ikkje prioriterar sidemåls forma like mykje som hovudmål. Eg har som mål til sommaren å bli betre i sidemål, og kunne beherska både sidemål og hovudmål på lik linja.

Kjelde:
Bilete: