søndag 13. mai 2012

Norskfaget

Læreplanen i norsk etter Kunnskapsløftet har fått mykje kritikk, og mange hevdar den er for omfattande, utflytande og ambisiøs. Blant anna hevde Gunnar Skirbekk, som er ein av kritikerane og har nylig ytra sine meiningar i ein kronikk i BT, at «Utdanningsdirektoratet har ikkje levd opp til ansvaret sitt. Dei leverer høgttravande og innhaldstom pedagogisk retorikk og stiller urealistiske krav til elevane i norskfaget.» Planen skal nå reviderast og ein arbeidsgruppe har lagt fram sitt forslag.


I følgje læreplanen, har eg blitt undervist med denne planen sidan ungdomsskulen. Eg synes norskfaget er ganske stort, og at det har ein del tema som ein heller burde tatt i historie- eller religion faget. Faget blir for omfattande og ambisiøst. Norsk for meg handlar om litteratur og det norske språket.

Norskfaget må kunne fange interessene til dagens elever. Det er svært mange elever som ikkje meistrer sjanger som kåseri, novelle eller essay. Kanskje fordi det er mange elever som føler dei ikkje får bruk for disse sjangrane etter skulen. Ein burde ha med emnar som interesserer elever i dag, emnar som elevane bruker daglig og som dei føler dei får bruk for i framtida. Emnar som; blogg, dramatisering, animasjoner, film- og spillanmeldelser, lese eller delta i debatter som er tidsrelevante i dag og som interesserer elevene. Sidan det er mange elever som synes mange sjanger i norskfaget er kjedelig, går det ann å erstatte dei med eksempla ovanfor. Eller det går ann og kombinera dei med nye og meir moderne sjanger. Det er mye som kan gjørast for å gjøre norskfaget meir interessant og moderne for dagens elever.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar