søndag 13. mai 2012

Litteratur etter 1980

I det siste har vi sett på litteratur frå tida etter 1980. Vi har lest romanen Kjærlighet av Hanne Ørstavik (1997) og sett på korte utdrag av andre tekstar. Ein av desse tekstane var eit utdrag av romanen ProfessorAndersens natt av Dag Solstad (1996). Denne romanen handlar om ein middelaldrande einsam professor som feirar jul alene. Han får julepresangar av familie medlemmer, men ikkje noko besøk. I løpet av kvelden drikker han og filosoferer over kvifor det feirast jul, han tenkjer på Jesus Kristus og trur ikkje noko særleg om det. Seinare på kvelden ser han inn vindauga til naboane. Han oppdagar en ung vakker kvinne som han beundrar. Plutselig dukka det opp enda en skygge og Professoren antar det er ein mann. Professoren trur han ser kvinna bli kvelt og drepen. Han skunder seg til telefonen, men nøler med å ringe til politiet.

















Eg trur temaet handlar om at I stadet for å prøve å gripe inn i situasjonar, senk han inn i seg sjølv og ender opp som tilskuvar til verkelegheitene omkring seg. Professoren ringer ikkje til politiet fordi han er redd dei ikkje skal tru på han, men samtidig så er han ikkje sikker på kva han såg. Enda eit tema som er tatt opp er mennesket og meininga med livet. Professoren trur ikkje på Jesus Kristus, og tenkjer at; hadde det ikkje vore for Jul, hadde denne julenatta vore enda ein vanlig og kjedelege dag.

Utdraget av romanen representerer litterære tendensar frå eksistensialisme, som er ein filosofisk bevegelse som fokuserer på det konkrete individets eksistens. Professor Andersens natt tar opp spørsmål som gjelder livets meiningar. Professoren lurer på kva som er meininga med livet, han tenker på Jesus sin tid og lurer på kva som er vitsen med Jula. Han meiner også at hadde ikkje dette ritualet vore, hadde denne dagen vore heilt normal.

Viss eg skal døma ut i frå dette utdraget vil eg nok sei at teksten var ganske treg og kjedelig. Det skjedde ikkje noko spennande utan om når han trur han ser ein kvinne blir drepen. Og i tillegg så gjer han ikkje noko med det. Han nøler med å ringe til politiet, og du sit igjen med ein ganske irriterande følelse overfor professoren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar